Tingbok for Øyer 1705-1726

Øyer og Tretten historielag ved gruppen for gotisk skrift begynte å transkribere de gamle tingbøkene for Øyer rundt år 2000. Bøkene produseres på bestilling.

Her gjengir vi forordet til den første boken:

Føreord

Hausten 2000 arrangerte Historielaget eit 16 timars kurs i gotisk handskrift med Per Åsmundstad som lærar og med 6 deltakarar Etter at kurset var over, hadde vi ei ”oppvarming” med enklare tekster før vi tok fatt på tingboka for Øyer.

Vi har hatt eit samarbeid med Ringebu historielag som har fått tingbøkene for Sør-Gudbrandsdalen på mikrofilm etter avtale med Opplandsarkivet, og så har vi kjøpt att Øyer-delen derifrå. I tillegg til dei faste sake- og skattetinga som var haldne tre gonger i året, har vi også teke med ekstrating, åstadssaker, odelssaker og takseringar. Likeså grenseoppgangar mot nabokommunar, for det er interessant stoff, historisk sett.

Vi har prøvd å attergje originalen så bokstavrett som mogleg, men ikkje gjennomført det heilt. Den tids skrivekarle har hatt eit svært avslappa forhold både til teiknsetjing og små og store bokstavar, og har vore svært inkonsekvente i rettskrivning. Punktum er så å seia ikkje brukt. I staden er det brukt komma. Same ordet er av og til skrivne på ulike måtar, store bokstavar kan vera brukte inne i ordet og personnamn og stadnamn er like gjerne skrivne med små førebokstavar som med store. Vi har gjennomført store førebokstavar i slike ord. Av og til er det vanskeleg å avgjera om bokstaven er stor eller liten. Fram til 1709 står det Olle der det i kyrkjeboka står Ole, og frå 1710 til september 1719 står det Oluf.

Kvar einaste sak har vi gjeve ei overskrift slik at det skal bli lettare å finne fram.

Eit og anna ordet har vi ikkje klart å tyde. Da har vi berre sett små strekar i teksten. Somme stader er kopien så dårleg at heile linjer ikkje let seg tyde.

Desse har vore med på arbeidet med transkriberinga: Målfrid Bjørgemoen, Gunnar Ødegård, Halvor Strangstad, Reidar Svegården, Tordis Trønnes og underskrivne. Ein hjerteleg takk til desse. Også ein takk til Opplandsarkivet for hjelp med å tyde ord når vi har vore i beit for det, og takk til Ringebu historielag for samarbeidet.

Øyer i desember 2003,

Lars Holmen.